KAMPANJE: For deg som vil ha eit givande arbeidsliv, men også tid til familieliv, friluftsliv, kulturliv, kaféliv og nye eventyr.
For nokre handlar det gode liv om karriere, for andre om fritid. Og så er det vi som vil ha begge deler. Vi som vil ha eit givande arbeidsliv, men også tid til familieliv, friluftsliv, kulturliv, kaféliv og nye eventyr.
Maverix har levert ny kommunikasjonsplattform, visuell profil og nettstad til Framtidsfylket. Organisasjonen som skal gjere arbeidslivet i Vestland kjent, og jobbar for å rekruttere og behalde kompetanse og arbeidskraft i det nye store fylket.
Framtidsfylket har mange engasjerende historier å fortelle, og gjennom den nye plattforma vil desse komme endå tydelegare fram. Vi har skapt ein meir brukarvennlig, tidlaust og engasjerande nettstad for lesarane, kundane og brukarane. Vi har også jobba med profilering og nytt design.
Bar overkropp, faretruande stage dives og spark i ræva til ein kynisk bransje. Per Áki Sigurdsson Kvikne har erobra musikk-Norge gjennom sitt alter ego Kjartan Lauritzen.
Maverix har utvikla ein plattform som knyt jobbsøkarane og bedriftene saman. Vi viser også fram de ulike vestlandskommunane på ein tiltrekkande og smakfull måte. I tillegg har vi skapt eit heilt nytt konsept som fokuserer på det gode vestlandsliv. Her skal ein ikkje berre få ein karriere - her skal ein også få det gode liv.
Fakta om Framtidsfylket
Heilt sidan selskapet vart etablert som eige AS i 2009, har fleire aktørar samla seg om arbeidet. I dag har vi rundt 200 medlemsbedrifter. Som medlemsbedrift kan du lyse ut ledig stilling gjennom kanalane våre og nå ei svært relevant målgruppe. Du får også tilgang på rådgjeving om rekrutteringsstrategi og andre tenester.
Hovudmålsettinga til Framtidsfylket er vekst og verdiskaping for Vestland gjennom rekruttering av kompetanse og arbeidskraft. Framtidsfylket er eigd av 36 verksemder frå både privat og offentleg sektor, men tenestene våre er tilgjengelege for alle arbeidsgjevarar i Vestland.
Les meir her: Gründerliv med heiagjeng
Om Maverix
I kommunikasjonshuset Maverix har vi samlet usedvanlig erfarne reklamefolk og journalister, strateger og rådgivere, klippere og designere. Dermed kan et effektivt team lage kommunikasjon og store kampanjer med en tydelig rød tråd i alle tenkelige kanaler, og komme raskt på lufta med virkemidler som skaper vekst.
En Maverick følger ikke opptråkkede stier, men finner nye veier til målet. Kreativitet er ikke et mål i seg selv, men et virkemiddel for å skape vekst og sterke resultater. I Maverix følger vi ikke nødvendigvis boka eller etablerte sannheter, men utfordrer både oss selv og kundene for å skape verdier. Vi har kontorer i både Oslo og Bergen.